Coesitt er eit mineral med same samansetjing som kvarts, SiO2, men stabilt berre ved særs høge trykk. Det krystalliserer monoklint og har densitet 2,93 g/cm3, noko som er 10,6 % meir enn for kvarts, som har 2,65 g/cm3. Dette stemmer overeins med at coesitt krev eit trykk på vel 3 mill. kPa (ca 30 000 atm) (avhengig av temperaturen) for å kunne dannast.

Coesitt kjennest frå einskilde meteorittkrater der meteorittnedslaget har generert trykkbølgjer som overstig 3 mill. kPa. Mineralet er òg påvist i einskilde eklogitter frå Alpane og Vestlandet. Slike bergartar er danna ved særleg høge trykk, og framferd av coesitt blir trudd å svare til danning i ei djupn på ca 100 km.

Det er kalla opp etter den amerikanske kjemikaren Loring Coes som først syntetiserte sambandet.

Sjå òg stishovitt polymorfi

Kjelder Coesitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/coesitt.

kategori:Kollisjonsmineral kategori:Kvartsvariantar kategori:Monokline mineral