Cordieritt er eit mineral som består av magnesium-aluminium-silikat med noko jarn for magnesium, (Mg,Fe)2Al4Si5O18. Cordieritt er strukturelt nærskyldt med beryll, men har rombisk symmetri. Hardleiken er stor, 7–7,5, og mineralet er glasaktig og oftast blåfarga. Det viser sterk dikroisme (pleokroisme), blå i éi retning og gul i ein annan, og går på grunn av denne eigenskapen òg under namnet dikroitt. Eit anna forelda namn er iolitt.

Cordieritt opptrer både i kontakt- og regionalmetamorfe bergartar (hornfelsar i Oslofeltet; gneisar i Bamble–Arendal-traktene). Ved høg temperatur er den heksagonale modifikasjon indialitt stabil. Cordieritt blir lett påverka av hydrotermale løysingar (varme, vasne løysingar som gjennomtreng bergartene) og omdannast til blaute, gulaktige eller raude aggregat som består av glimmerar og leirmineraler (aspasiolitt, pinitt).

Klåre, friske krystall nyttast som edelsteinar (vassafir, finst i seifar i Sri Lanka). Det er mogleg at vikingane sine solstein som vart brukt i navigasjonen bestod av cordieritt.

Det vart oppdaga i 1813 og er kalla opp etter den franske geologen og gruveingeniør Louis Cordier (1771–1861).

Kjelder Cordieritt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/cordieritt.

kategori:Magnesiummineral kategori:Jernmineral kategori:Aluminiummineral kategori:Syklosilikat kategori:Ortorombiske mineral