Ilvaitt eller lievritt er eit svart mineral som opptrer i skarn.

I Noreg er det kjent frå Grua på Hadeland, Fossum ved Skien og Nedre Eiker. Kjemisk sett er det eit silikat av kalsium og to- og treverdig jarn, CaFe2FeSi2O8OH, med rombisk eller monoklin symmetri.

Ilvaitt vart først skildra i 1811 på øya Elba og namnet kjem frå det latinske namnet ilva for øya.

Kjelder Ilvaitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/ilvaitt.

Bakgrunnsstoff

kategori:Kalsiummineral kategori:Jernmineral kategori:Sorosilikat kategori:Ortorombiske mineral