Imitasjon eller etterlikning i gemmologi vert mellom anna brukt om billige glas-, plast- og steinmateriale som ser ut som verdifulle smykke- eller edelsteinar. Edelsteinar som er framstilt kunstig eller syntetisk vert likevel ikkje rekna som imitasjonar, men heller ei eiga gruppe ved sida av dei naturlege edelsteinane.
Kjelder Bryhni, Inge. (14. februar 2009). Imitasjon: gemmologi. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/imitasjon%2Fgemmologi.
Kategori:Gemmologi