Krokoitt eller raudblyerts er eit oransjeraudt, monoklint mineral som består av blykromat, PbCrO4. Det opptrer som sekundærmineral på einskilde blyførekomstar. Det er særleg kjent frå Tasmania.

Det vart oppdaga i Berezovskgruvene nær Jekaterinburg i Uralfjella i 1766, og kalla crocoise av F.S. Beudant i 1832. I krokoitt frå Ural oppdaga den franske kjemikaren L.N. Vauquelin metallet krom i 1798.

Kjelder Krokoitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.

Bakgrunnsstoff

kategori:Blymineral kategori:Chromatemineral kategori:Monokline mineral