Løllingitt er eit kismineral som består av jarn og arsen, FeAs2. Det er sølvkvitt med metallisk glans og rombisk symmetri. Det finst ved mange kisførekomstar, i Noreg kjent frå Sulitjelma. Det finst òg frå granittpegmatitt ved Drag i Tysfjord og frå syenittpegmatittar i området Larvik–Langesundsfjorden.

Løllingitt vart først skildra i 1845 ved Lölling-distriktet i Kärnten i Austerrike, som det vart kalla opp etter.

Kjelder Løllingitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/l%C3%B8llingitt.

Bakgrunnsstoff Mineralgalleri

kategori:Jernmineral kategori:Arsenidemineral kategori:Ortorombiske mineral