Miloš Srejović () er ein serbisk, tidlegare jugoslavisk, friidrettsutøvar. Han vart europameister i tresteghopp i 1978.

Aktiv Srejović vart jugoslavisk meister i tresteghopp i perioden 1975-78. Under EM i friidrett 1978 i Praha oppnådde han 16,94 m, ein centimeter lengre enn legendariske Viktor Sanejev frå Sovjetunionen, som måtte nøye seg med sølvmedaljen.

Sin personlege rekord sette Srejović 20. september 1981 i Sarajevo med 17,01 meter, då han vart nummer to i Balkan-leikane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1978 i Praha: Gullmedalje – 16,94 m, framom Viktor Sanejev (16,93 m)

Merknadar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Miloš Srejović» frå , den 3. august 2014.

World Athletics

Kategori:Serbiske friidrettsutøvarar Kategori:Jugoslaviske friidrettsutøvarar Kategori:Tresteghopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Jugoslavia