Maghemitt er eit ferromagnetisk mineral som består av ?-Fe2O3. Det har ein defekt spinell-struktur med ubesatte kationplassar i gitteret. Mineralet er utbreidd i mikroskopiske mengder som oksidasjonsprodukt av magnetitt.
Maghemitt fekk namn i 1927 etter ein førekomst ved Iron Mountain-gruva nordvest for Redding i Shasta County i California. Namnet syner til at mineralet er ein mellomting mellom MAGnetitt og HEMatitt.
Kjelder Maghemitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/maghemitt.
kategori:Jernmineral kategori:Oksydmineral kategori:Ilmenittgruppa