Moganitt er eit mineral som er ein monoklin modifikasjon av silika, SiO2. Mineralet er mikrokrystallinsk og har vist seg å vere ein utbreidd bestanddel av kalsedon.
Det vart første gongen skildra i 1984 og er kalla opp etter Mogan på Gran Canaria.
I Noreg er det påvist frå sprekkar i basalt i Huken pukkverk i Oslo.
Kjelder Raade, Gunnar. (14. februar 2009). Moganitt. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/moganitt.
kategori:Kvartsvariantar