Molybdenoker eller molybditt er eit grønt til gult mineral av molybdenoksid, MoO3. Det opptrer som eit pulver danna ved forvitring av molybdenitt. Langt vanlegare er likevel mineralet ferrimolybditt, Fe2(MoO4)3·8H2O, som er gult og opptrer på same måte, òg kjent frå norske førekomstar.

Molybditt vart først skildra i 1854 etter ein førekomst i kvartsårer i Knöttel-området i Krupka i Krušné Hory-fjella i Ústí nad Labem-regionen i Böhmen i Tsjekkia.

Kjelder Molybdenoker. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/molybdenoker.

kategori:Molybdenmineral kategori:Oksydmineral kategori:Ortorombiske mineral