Pleonast og ceylonitt vert ikkje rekna som eigne mineral, og er ein jernhaldig spinell, (Mg,Fe)Al2O4. Dei finst mellom anna i gneisar og gabbroar og dessutan i skarn, som i Arendal og Kristiansand.

Gjennomsiktige varietetar i lysare, grøne og blå fargar brukast som smykkesteinar.

Ceylonitt vart først oppdaga på øya Ceylon, dagens Sri Lanka, innstøypt i kalkspat i lag med pyritt og glimmer.

Kjelder Pleonast. (11. mars 2012). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/pleonast.

kategori:Oksydmineral kategori:Edelsteinar