Stilbitt er eit mineral med kvit eller gulaktig, brunleg til raudleg farge. Det er det mest utbreidde av zeolittminerala, og finst gjerne i nekforma aggregat, ofte saman med heulanditt. Den kjemiske formelen er NaCa2Al5Si13O36·14H2O og det krystalliserer monoklint.
Ein gong vart heulanditt og stilbitt rekna som identiske mineral. Etter ein fann ut at dei var forskjellige, i 1818, vart namnet desmin foreslått for stilbitt, og dette namnet vert framleis nytta i Tyskland.
Det er funne ei rekkje stader i Noreg.
Kjelder Stilbitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/stilbitt.
Bakgrunnsstoff
kategori:Tektosilikat kategori:Natriummineral kategori:Kalsiummineral kategori:Aluminiummineral kategori:Zeolittar kategori:Monokline mineral