Lutz Dombrowski () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Zwickau. Han vart olympisk meister i lengdehopp i 1980 og europameister i same øvinga i 1982. Dombrowski har i 2014 den tyske rekorden i lengdehopp, 8,54 m, vinnarhoppet i Moskva-OL.

Aktiv Dombrowski vann i 1979 lengdetevlinga i Europacupen for landslag. I 1980 sikra han seg gullmedaljen under OL 1980 i Moskva med eit hopp på 8,54 m, ny europarekord og årsbeste i verda i 1980. To år seinare vart han europameister i Aten, med god margin til andremann.

Dombrowski vart austtysk meister i lengdehopp i 1979 og 1984.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1980 i Moskva: Gullmedalje – 8,54 m, framom Frank Paschek (8,21 m) EM 1982 i Aten: Gullmedalje – 8,41 m, framom Antonio Corgos (8,19 m)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lutz Dombrowski» frå , den 16. august 2014.

World Athletics

Kategori:Tyske lengdehopparar Kategori:Olympiske meistrar for Aust-Tyskland