Lynn Davies () er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå landsbyen Nantypoel i Wales. Han vart olympisk meister i lengdehopp i 1964 og europameister i same øvinga i 1966.
Aktiv Etter at amerikaneren Ralph Boston i 1960 hadde slått den 25 år gamle verdensrekorden til Jesse Owens, forbetra Boston og europameisteren Igor Ter-Ovanesjan verdsrekorden til saman fem gongar dei neste sesongane. Dei to utøvarane var difor dei største favorittane til å ta gullmedaljen under OL 1964 i Tokyo.
På finaledagen regna det i Tokyo og ingen av favorittane hoppa opp mot sine personlege rekordar. Dermed gjekk gullet til 22 år gamle Lynn Davies, som sette ny britisk rekord med gullhoppet på 8,07 m. Boston tok sølv og Ter-Ovanesjan bronse. Det var andre gongen i OL-historia at gullmedaljen i lengdehopp ikkje gjekk til ein utøvar frå USA. Førre gong det hende var under OL 1920, då svensken William Pettersson vart olympisk meister.
To år etter OL-triumfen tok Davies gullmedaljen under EM 1966 i Budapest. Seinare fekk han sølv under EM 1969 i Athen. Han vann elles Samveldeleikane både i 1966 og 1970.
I alt sette Davies seks britiske rekordar, det lengste hoppet hans, i Bern i 1968, målte 8,23 meter.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1964 i Tokyo: Gullmedalje – 8,07 m, framom Ralph Boston (8,03 m) EM 1966 i Budapest: Gullmedalje – 7,98 m, framom Igor Ter-Ovanesjan (7,88 m) OL 1968 i Mexico by: Nr 9 – 7,95 m EM 1969 i Aten: Sølvmedalje – 8,07 m, bakom Igor Ter-Ovanesjan (8,17 m) EM 1971 i Helsingfors: Nr 4 – 7,85 m OL 1972 i München: Utslått i kvalifiseringa (7,64 m – nr 18)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lynn Davies» frå , den 17. august 2014.
World Athletics
Kategori:Britiske lengdehopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Olympiske meistrar for Storbritannia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972