Peder Christian Bjørnsgaard () var ein norsk telegrafist, redaktør og stortingsmann frå Fåberg i Oppland, busett i Risør.
Bjørnsgaard var son til ein gardbrukar og kyrkjesongar. Sjølv gjekk han i vel eitt år på Lillehammer realskule, seinare arbeidde han på kontoret til generalmajor P.H. Birch. I 1856 tok han telegrafisteksamen og gjorde dei to neste åra teneste i Arendal. Frå 1859 til 1906 var han styrar av telegrafstasjonen i Risør. Åra 1867-73 redigerte han «Nedenes Amtstidende» og 1877-80 bladet «Norge». I meir enn 50 år skreiv han artiklar i ulike aviser.
Bjørnsgaard var medlem av Risør bystyre og i mange år ordførar. Han representerte valkrinsen Østerrisør på Stortinget frå 1868 til -73 og på ny 1877-79. Alle tre tingperiodane var han medlem av protokollkomiteen, sekretær i komiteen den siste treårsbolken. Same treårsbolken var han også sekretær i Odelstinget. Bjørnsgaard var ein mykje aktiv talsmann for venstrepolitikken i Noreg i 1870-åra. Han gav i 1911 ut Spredte Minder fra 50- til 70-aarenes Norge.
Han døydde i Risør.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Ordførarar i Risør Kategori:Norske redaktørar Kategori:Folk frå Lillehammer Kategori:Folk frå Risør