Zgharta eller Zghorta (arabisk زغرتا) er ein stor by Nord-Libanon med kring 90 000 innbyggjarar. Han er administrasjonssenter i Zgharta distrikt.

Zgharta ligg kring 150 meter over havet mellom elvane Jouit og Rashein. Han ligg 23 km frå Ehden, 11 km frå kystbyen Tripoli, 89 km frå hovudstaden i Libanon, Beirut, og 82 km frå den næraste syriske byen, Tartous. Historia og folket har nære band til landsbyen Ehden. Dei fleste innbygggjarane i Zgharta har sommarhus i Ehden, og om vinteren er Ehden nesten folketom.

To presidentar i Libanon kjem frå Zgharta, Suleiman Frangieh og René Moawad, i tillegg til fleire politikarar som Hamid Frangieh, Youssef Karam, Semaan El Douaihy, Suleiman Frangieh, Jr, Nayla Moawad, Estephan El Douaihy, Salim Bey Karam, Tony Frangieh, Jawad Boulos, Michel Moawad og Youssef Bahha El Douaihy.

Tradisjonelt har jordbruk vore hovudnæringa, med mange olivenlundar og eplehagar. I nyare tid har tenester og produksjon vokse kraftig.

Historie Zghartasletta kring Zgharta var truleg busett sidan yngre steinalder av Qaraoun-kulturen og det er gjort funn av tunge flint-reiskap og økser, som dokumentert av R. Wetzel og J. Haller i 1945.Wetzel, R. & Haller, J., Le Quarternaire de la région de Tripoli. Notes et Mémoires de la Délégation Génerale de France au Liban. Section Géologique, No. 4., Beirut, 1945.

Det er gjort funn som tyder på at området kring Zgharta var busett kring 200 fvt. og på 100- og 200-talet var det festningsverk her. Dagens by og dei nære banda til landsbyen Ehden byrja på 1500-talet.

Sjå òg Ehden

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Zgharta» frå , den 23. august 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Zgharta historie http://www.zgharta.com http://www.zgharta.gov.lb

Kategori:Busetnader i Nord guvernement Kategori:Zgharta distrikt