Aldebaran (α Tau, α Tauri, Alfa Tauri) er ei oransje kjempestjerne som ligg 65 lysår borte frå jorda i stjernebiletet Tyren. Med ein tilsynelatande storleik på 0,87 er ho ei av dei klåraste stjernene i stjernebilete og på nattehimmelen. Namnet Aldebaran er arabisk og tyder «følgjaren», truleg fordi ho verkar å følgje Pleiadane eller Sjustjerna.

mini|venstre|200px|Storleikssamanlikning mellom Aldebaran og sola.

Stjerna er lett å finne på nattehimmelen. Om ein følgjer dei tre stjernene i Orions belte frå venstre til høgre (på den nordlege halvkula), så er Aldebaran den første klåre stjerna om ein følgjer denne linja.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Arabiske ord og uttrykk Tauri, Alfa Tauri, 087 029139 021421 1457 Kategori:Kjempestjerner klasse K Kategori:Objekt mindre enn 100 lysår frå jorda Kategori:Stjerner med eigennamn Kategori:Tyren