Hiram Law Bullock () var ein amerikansk jazzfunk- og jazzfusion-gitarist.
Biografi Han var fødd i Osaka i Japan av afroamerikanske foreldre som tente i det amerikanske forsvaret. Då han var to år gammal flytta familien til Baltimore. Han synte seg raskt som eit stort musikktalent. Han lærte piano ved Peabody Conservatory of Music, og spelte første gong for folk berre seks år gammal. Etter å ha lært seg saksofon og bass, byrja han å spele gitar 16 år gammal.The Independent (UK newspaper) obituary
Bullock studerte ved University of Miami og møtte gitaristane Pat Metheny og Steve Morse og bassistane Jaco Pastorius og Will Lee. Han betalte for studiane ved å spele på nattklubbar i Florida, før han flytta til New York. Han er mest kjend for spelinga med Pastorius, på Late Night with David Letterman og arbeidet med David Sanborn og Bob James. Han spelar med Steely Dan på Gaucho (1980), Paul Simon på One Trick Pony (1980), Sting på ...Nothing Like the Sun (1987) (solo på coverversjonen av Jimi Hendrix sin «Little Wing») og Billy Joel på The Stranger (1977). Han arbeidde òg for Harry Belafonte, Marcus Miller, Carla Bley, Miles Davis, Ruben Rada (på albumet Montevideo) og Gil Evans.
Han spelte som medlem av the 24th Street Band, som gav ut tre album: 24th Street Band (1979), Share Your Dreams (1980) og Bokutachi (1981).
I 1982 gav han ut debutplata si, First Class Vagabond.
I 1986 gav Bullock ut det første albumet sitt som leiar for Atlantic Records kalla From All Sides, etterfølgd av albuma Give It What You Got i 1987 og Way Kool i 1990.
I 2007 fekk Bullock strupekreft, men vart behandla for dette og byrja å turnere igjen. Langvarige probl med dopmisbruk førte likevel til at han døydde den 25. juli 2008.Last Post obituary 2008 Han vart æra av David Letterman på showet hans.
Diskografi 1986: From All Sides (Atlantic) 1987: Give It What U Got (Atlantic) 1992: Way Kool (Atlantic) 1994: World of Collision (Big World) 1996: Manny's Car Wash (Big World) 1997: Carrasco (Fantasy) 1997: Late Night Talk (Venus) 2000: First Class Vagabond (JVC Victor) 2001: Color Me (Via) 2002: Best of Hiram Bullock (WEA) 2003: Try Livin' It (EFA Records) 2004: Jam Jam (3D) 2006: Gitarman (JVC Victor) 2006: Too Funky 2 Ignore (BHM Productions) 2009: Plays the Music of Jimi Hendrix (BHM Productions)
Som sidemann (utval) Med Gil Evans Live at Sweet Basil (Gramavision, 1984 ) Live at Sweet Basil Vol. 2 (Gramavision, 1984 ) Farewell (Evidence, 1986 ) Med Art Farmer Something You Got (CTI, 1977) Med Dizzy Gillespie Closer to the Source (Atlantic, 1984) Med Jeremy Steig Firefly (CTI, 1977) Med Chaka Khan Chaka Khan (Warner Bros., 1982) Med John Scofield Blue Matter (Gramavision, 1987) Med Carla Bley Sextet (Watt/ECM, 1987) Med Rubén Rada Montevideo (Big World Music, 1996) Med Rubén Rada Montevideo Dos (Big World Music, 1999) Med Various Artists Gospel for J.F.P. III (Moonjune Records, ????)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hiram Bullock» frå , den 29. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Hiram Bullock Memorial Hiram Bullock på IMDB.com Minneord i NY Times
Kategori:Jazzfunk-gitaristar Kategori:Jazzfusion-gitaristar Kategori:USA-amerikanske jazzgitaristar Kategori:The World's Most Dangerous Band-medlemmar Kategori:Afroamerikanske gitaristar Kategori:Døde av kreft Kategori:Steely Dan-medlemmar