Jean Catherine Desforges, gift Pickering, () var ein britisk friidrettsutøvar frå London som deltok i ei rad øvingar; sprintløp, hekkeløp, lengdehopp og femkamp. Ho vann EM-gull i stafett i 1950 og i lengdehopp i 1954.
Aktiv Desforges vart nummer fem i 80 m hekk i europameisterskapen 1950 i Brussel, og sprang ein etappe for Storbritannia sitt vinnarlag på 4x100 meter stafett. Under dei olympiske sommarleikane 1952 i Helsingfors vann ho ein bronsemedalje i lag med Sylvia Cheeseman, Heather Armitage og June Foulds, bakom gullmedaljørane frå USA og sølvlaget Tyskland. I 80 meter hekk vart ho som i EM 1950 nummer fem.
År 1954 i Bern vart Desforges europameister i lengdehopp med eit hopp på 6,04 meter, elleve centimeter framom Aleksandra Tsjudina frå Sovjetunionen.
Tida 1949-54 vann ho åtte britiske meistertitlar i høvesvis 80 m hekk, lengdehopp og femkamp.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jean Pickering» frå , den 29. august 2014.
World Athletics
Kategori:Britiske sprintarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1952 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952