666 (The Apocalypse of John, 13/18) er eit dobbeltalbum av den greske progrockgruppa Aphrodite's Child. Det kom ut i 1972 og vart i stor grad laga og produsert av Vangelis. Albumet er basert på passasjar frå Johannes' openberring i Bibelen, men både teksten og musikken er tidvis særs eksperimentell.
Det inneheld ein mindre radiohit, «The Four Horsemen» og songen «Break» vart òg gjeven ut på singel.
Bakgrunn Tekstane til 666 vart skriven av Costas Ferris, som ikkje var med i gruppa. Musikken kombinerer psykedelisk og progressiv rock med etniske instrument, korsong, resitasjonar og bruk av elektroniske klaverinstrument. Plateselskapet Mercury Records protesterte mot lengda på dobbeltalbumet og dei musikalske eksperimenta, som sporet «∞» (uendeleg), der den greske skodespelarinna Irene Papas simulerer ein orgasme og repeterer orda «I was, I am, I am to come» over ein enkel perkusjon.
Forholdet mellom bandmedlemmane var ikkje god på denne tida, og det vart ikkje betre av den metodiske og langsame innspelingsprosessen. Det tok eit heilt år å spele inn plate på grunn av dei indre stridane.
Roussos var på veg til å starte sin eigen solokarriere, og hadde spelt inn og gjeve ut den første solosingelen sin, «We Shall Dance» (med Sideras på trommer) og det første soloalbumet sitt, On the Greek Side of My Mind, medan Vangelis spelte inn musikk for den franske fjernsynsdokumentaren L'Apocalypse des animaux i 1970 og arbeidde på ein singel med den dåverande kjærasten Vilma Ladopoulou, og spelte med Koulouris med pseudonymet «Alpha Beta».
I plateomslaget står det «Dette albumet vart spelt inn under påverknad av Sahlep.» Det er ikkje eit dopmiddel, men ganske enkelt ein varm drykk.
Utgjeving og mottaking
Etter Roussos og Sideras alt hadde gjeve ut sine første soloalbum, gjekk Mercury med på å gje ut 666 på progrock-etiketten sin Vertigo Records, eitt år etter det var ferdig, og to år etter bandet hadde spelt inn sine delar. Singelen «Break» kom òg ut i 1972, og det same gjorde ei enkel vinylutgåve i Brasil, kalla Break.
Allmusic gav albumet nesten full pott, 4,5 av 5 stjerner, men skriv at «heile albumet kan verte for overveldande til å lytte til i ein eingong». IGN rangerte albumet på tredjeplass på lista deira over dei 25 beste progrockalbuma gjennom tidene. I Q & Mojo si spesialutgåve ‘’Pink Floyd & The Story of Prog Rock’’, hamna albumet på 40. plass på lista deira over «40 Cosmic Rock Albums».Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005.
Innhald
Medverkande
Bandet Vangelis (Evangelos Odysseas Papathanassiou): klaverinstrument, orgel, piano, vibrafon, bass, fløyte, perkusjon, korvokal («Lament», «The Beast», «Break») Demis Roussos (Artemiros Ventouris Roussos): vokal («Babylon», «The Four Horsemen», «Lament», «Hic et Nunc»), korvokal, bass, gitar Lucas Sideras: vokal («The Beast», «Break»), korvokal, trommer Silver Koulouris (Anargyros Koulouris): gitar, perkusjon
Gjestemusikarar Harris Halkitis: bass, tenorsaksofon, conga, perkusjon, korvokal Michel Ripoche: trombone, tenorsaksofon («Babylon», «Hic et Nunc») Irene Papas: vokal («∞») John Forst: engelsk forteljing Yannis Tsarouchis: gresk forteljing («Ofis») Daniel Koplowitz: vokal («Loud Loud Loud») Costas Ferris: tekstforfattar
Produksjon Hans Brethouwer: mastering Gerard Fallec: produksjonskoordinering Minoru Harada: produktmanager Roger Roche: lydteknikar Jean-Claude Conan: assisternade lydteknikar Hitoshi Takiguchi: mastering Kiyoshi Tokiwa: designar Vangelis Papathanassiou: produsent
Kjelder Denne artikkelen bygger på «666 (Aphrodite's Child album)» frå , den 4. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Aphrodite's Child – 666 på Discogs
Kategori:Aphrodite's Child-album Kategori:Konseptalbum Kategori:Musikk basert på Bibelen Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Vertigo Records-album