The Friends of Mr Cairo er det andre albumet til Jon and Vangelis, gjeve ut i 1981. Det finst to utgåver av albumet, med forskjellig plateomslmag. Begge versjonane vart gjevne ut i 1981, eit par veker frå kvarandre. Tittelsporet, «The Friends of Mr Cairo», nådde førsteplassen på den kanadiske singellista seint i 1981, men vart ikkje ein hit nokon annan stad. Den andre utgåva av albumet inneheld singelen «I'll Find My Way Home», som låg 14 veker på den sveitsiske singellista og nådde toppen der den 7. mars 1982. «State of Independence» var seinare ein hit for Donna Summer, og eit tiår seinare for Moodswings med Chrissie Hynde på vokal. Anderson spelte òg inn songen på ny for soloalbumet sitt Change We Must i 1994.
Tittelsporet og musikkvideoen var ei hyllest til klassiske Hollywood-filmar frå 1930- og 1940-åra. Mellom anna vert det referert til den klassiske film noir-filmen The Maltese Falcon. Songen nyttar lydeffektar og stemmer frå stjerner i denne perioden, som Humphrey Bogart, Peter Lorre og Jimmy Stewart. I byrjinga av songen kan ein høyre skrensande bilhjul og bilfløyte, og så geværeld. Joel Cairo (Mr Cairo) er namnet på rollefiguren som vart spelt av Peter Lorre i The Maltese Falcon.
Innhald
Første utgåve
Andre utgåve
Medverkande Vangelis - klaverinstrument, produsent Jon Anderson - vokal Dick Morrissey - saksofon, fløyte David Coker - stemmer Sally Grace - stemmer (5) Claire Hamill - korvokal (6) Carol Kenyon - korvokal
Lister År Liste Plassering 1981 Billboard Pop Albums 64 1981UK Albums Chart17 1982UK Albums Chart6
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Friends of Mr Cairo» frå , den 7. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Omtale på Vangelis Movements Omtale på allmusic.com
Kategori:Musikkalbum frå 1981 Kategori:Jon & Vangelis-album Kategori:Polydor Records-album