mini|Marija Savinova under Sommar-OL 2012 i London Marija Sergejevna Savinova () er ein russisk mellomdistanseløpar frå Tsjeljabinsk som vann gullmedaljen på 800 meter under EM i friidrett 2010, VM i friidrett 2011 og Sommar-OL 2012. OL-medaljen mista ho seinare på grunn av doping.

Aktiv Savinova fekk sitt internasjonale gjennombrot i 2009. Ho vann då 800 m under innandørs-EM og vart nummer fem under friidretts-VM i Berlin. Dessutan vart ho russisk meister på distansen.

I 2010 sigra Savinova på 800 m ved friidretts-EM i Barcelona på tida 1,58,22, nederlandske Yvonne Hak tok sølv på 1.58,55. Savinova imponerte stort då ho vart verdsmeister på 800 m i Daegu i 2011. Med personleg rekord og årsbeste i verda på 1.55,87 sekundar, viste ho sørafrikanske Caster Semenya til sølvplassen. Under sommarleikane i London 2012 vart det eit nytt oppgjer mellom dei same to løparane, her vann Savinova ein klar siger med over eitt sekunds margin. Vinnartida 1.56,19 var årsbeste i verda.

Savinova tok sølvmedaljen på spesialdistansen under VM i friidrett 2013 på heimebane i Moskva. Tida 1,57,80 var årsbeste for hennar del, Eunice Sum frå Kenya vann på personleg rekord 1.57,38.

Merknadar

Referansar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Marija Sergejewna Sawinowa» frå , den 20. september 2014.

World Athletics

Kategori:Russiske mellomdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Russland Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Dopingsaker i friidrett