Sandra Perković (), gift Elkasević, er ein kroatisk friidrettsutøvar som tevlar internasjonalt i diskoskasting og tidlegare også kulestøyt. Perioden 2010-24 vann ho gullmedaljen i diskoskast i sju europameisterskap i rad. Ho vart olympisk meister i øvinga i 2012 og 2016, og vart verdsmeister i 2013 og 2017. Perković presterte livsbeste 71,41 meter sommaren 2017.

Då ho vart europameister i Zürich i 2014 sette ho landsrekord med 71,08 meter. Perković tok gull i diskos under sommar-OL 2016.

Perković vart medlem av det kroatiske parlamentet ved valet i 2015, og sat i under eit år.

Doping I 2011 var Perković utestengd frå idretten i seks månader grunna brot på dopingregelementet.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2009 i Berlin: Nr 9 – 60,77 m EM 2010 i Barcelona: Gullmedalje – 64,67 m, framom Nicoleta Grasu (63,48 m) EM 2012 i Helsinki: Gullmedalje – 67,62 m, framom Nadine Müller (65,41 m) OL 2012 i London: Gullmedalje – 69,11 m, framom Li Yanfeng (67,22 m) VM 2013 i Moskva: Gullmedalje – 67,99 m, framom Mélina Robert-Michon (66,28 m) EM 2014 i Zürich: Gullmedalje – 71,08 m, framom Mélina Robert-Michon (65,33 m) VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje – 67,39 m, bakom Denia Caballero (69,28 m) EM 2016 i Amsterdam: Gullmedalje – 69,97 m, framom Julia Fischer (65,77 m) OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje – 69,21 m, framom Mélina Robert-Michon (66,73 m) VM 2017 i London: Gullmedalje – 70,31 m, framom Dani Stevens (69,64 m) EM 2018 i Berlin: Gullmedalje – 67,62 m, framom Nadine Müller (63,00 m) VM 2019 i Doha: Bronsemedalje – 66,72 m OL i 2021 i Tokyo: Nr 4 – 65,01 m VM 2022 i Eugene: Sølvmedalje – 68,45, bakom Feng Bin (69,12 m) EM 2022 i München: Gullmedalje – 67,95 m, framom Kristin Pudenz (67,87 m) VM 2023 i Budapest: Nr 5 – 66,57 m EM 2024 i Roma: Gullmedalje – 67,04 m, framom Jorinde van Klinken (65,99 m) OL 2024 i Paris: Bronsemedalje – 67,51 m VM 2025 i Tokyo: Nr 5 – 65,82 m

Kjelder

World Athletics

Kategori:Kroatiske friidrettsutøvarar Kategori:Kulestøytarar Kategori:Diskoskastarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Europameistrar i friidrett Kategori:Olympiske meistrar for Kroatia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Kroatia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Kroatiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Kroatiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Kroatiske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Kroatiske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024 Kategori:Folk frå Zagreb Kategori:Kroatiske parlamentsmedlemmer