Hamat Gader (hebraisk חַמַּת גָּדֵר; arabisk الحمة السورية El-Hamma El-Souriya, som tyder «Den syriske Hamma») er ein stad i Yarmoukdalen nær Genesaretsjøen i Golanhøgdene. Namnet tyder «varmekjeldene i Gadara», og syner til fleire mineralkjelder med temperaturar opp mot 50 °C. Gadara, dagens Umm Qais i Jordan, ligg 4 km unna. mini|venstre|Hamat Gader om kvelden mini|venstre|Ein del av mosaikk frå den gamle Hamat Gader-synagoga, i dag i inngangshallen til Høgsteretten i Israel. mini|venstre|Ein ung nilkrokodille i krokodillefarmen i Hamat Gader.

Hamat Gader ligg nær grensa mellom den israelskokkupert delen av Golanhøgdene og Jordan.

Det gamle namnet på Hamat Gader er bevart i det lokale arabisk namnet på staden (el-Ḥamma, arabisk الحمّـة}}, hebraisk אל חמה), og på haugen nær staden, Tel Bani, ei forvansking av det greske ordet for «bad».

Historie Hamat Gader var kjend som feriestad i romartida.

Bygginga av eit badeanlegg byrja på 100-talet av 10. romerske legionen, som var i garnison i byen Gadara. I dag består av anlegg av det romersk-bysantinske anlegg og bygg som vart bygd i den muslimske perioden.

I tillegg vart det bygd eit romersk teater på 200-talet med sete til 2 000. Ei stor synagoge vart bygd på 400-talet.Sukenik, EL : 'The ancient synagogue at Hamat Gader' (i Qobes, Jewish Palestine Exploration Society, 1934), s. 41-61 Somme av bygningane vart øydelagd av eit jordskjelv på 600-talet og restaurert av omajadane som styrte frå Damaskus. På 800-talet vart ikkje bada lenger nytta og eit tjukt lag med mudder dekkjer i dag ruinane.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hamat Gader» frå , den 1. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Hamat Gader Information Hamat Gader at the Det israelske utanriksdepartmentetsite. Hamat Gader at Google jorda Hamat Gader Hot Springs

Kategori:Varmekjelder i Israel Kategori:Feriestader i Israel Kategori:Romerske stader i Israel Kategori:Vasskjelder i Israel Kategori:Arkeologiske funn i Golanhøgdene Kategori:Busetnader i Golanhøgdene Kategori:Turistmål i Det nordlege distriktet i Israel