Beit Zayit (hebraisk בֵּית זַיִת) er ein moshav i Israel som ligg 7 km vest for Jerusalem. Beit Zayit er ein del av Mateh Yehuda regionale kommune. I 2007, hadde han eit folketal på 1 300.
Landsbyen vart grunnlagd i 1949 av jødiske emigrantar frå Jugoslavia, Romania og Ungarn. Seinare slo olim frå Jemen og Egypt seg òg ned i landsbyen. Økonomien var basert på frukthagar, grønsaker, fjørkre og andre gardsprodukt.Beit Zayit, Jewish Virtual Library
Beit Zayit ligg i utkanten av Jerusalemskogen og har eit offentleg symjebasseng. I næreiken ligg Ein Kerem -dammen, bygd for å hindre flaum om vinteren.
Ein landsby kalla Beit Zayit er nemnt i boka til makkabearane, men er trudd å ha lege lenger nord, truleg der den palestinske, kristne byen Bir Zeit ligg, nord for Ramallah. mini|venstre|Beit Zayit-reservoaret Fotavtrykk etter ein dinosaur, truleg ein struthiomimus,Khalaf-von Jaffa, Norman Ali Bassam Ali Taher (2006). Ornithomimid Dinosaur Tracks from Beit Zeit, West of Jerusalem, Palestine. Gazelle: The Palestinian Biological Bulletin. Number 56, August 2006. s. 1–7. vart oppdaga i Beit Zayit og er til utstilling på Det hebraiske universitetet i Jerusalem.Kids love Israel, Israel loves kids: a travel guide for families, Barbara Sofer
Med utvidinga av moshaven seint i 1990-åra, som omfattar kjøp av nye landområde og renovering av gamle heimar, har Beit Zayit vorte eit trendy alternativ til å bu i Jerusalem.Posh Israeli suburb grows out of a farming co-op
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beit Zayit» frå , den 12. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:Busetnader i Jerusalem distrikt Kategori:1949 i Israel