Neve Michael (hebraisk נְוֵה מִיכָאֵל) er ein landsby med sambruksjordbruk (moshav) sentralt i Israel, bygd på ei høgd søraust i Elahdalen. Han ligg sør for Beit Shemesh i Mateh Yehuda regionale kommune. Moshaven var opphavleg ein fråflytta militærpost som vart busett av kurdiske emigrantar. I 2006 hadde han eit folketal på 428.
Landsbyen vart grunnlagd i 1958 av kurdiske emigrantar frå Iran. Emigrantar frå Marokko slutta seg seinare til. Moshaven heitte opphavleg Roglit (hebraisk רוֹגְלִית), men vart sidan endra til Neve Michael, til minne om den amerikanske filantropen, Michael M. Weiss frå South Orange, N.J. i USA, som donerte pengar til Jewish National Fund (KKL).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Neve Michael» frå , den 12. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Iransk diaspora i Israel Kategori:Kurdisk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1958 Kategori:1958 i Israel Kategori:Busetnader i Jerusalem distrikt