miniatyr|Det indiske nasjonalmuseet i New Delhi. Det indiske nasjonalmuseet (engelsk National Museum) er eit museum i New Delhi som blei skipa i 1949, kort tid etter at India fekk sjølvstende. Museet inneheld kunst og historiske objekt frå indisk historie og nokre utanlandske objekt i ei samling av over 200 000 gjenstandar, og er eitt av ei største i landet. Det blir drive av kulturdepartementet og turistdepartementet i India.
Det indiske nasjonalmuseet ligg sentralt i New Delhi, på hjørnet mellom Janpath og Maulana Azad Road. Det er stengd på måndagar.
mini|Buddhautskjering på elfenbein i Det indiske nasjonalmuseet. Historie Planane for museet blei laga av Gwyer-komiteen i 1946. Etter ei utstilling av utvalde indiske gjenstandar ved Royal Academy i London vinteren 1947/48 blei den same samlinga vist fram i Delhi. Utstillinga blei halden i Rashtrapati Bhavan i 1949, og var ein stor suksess. 15. august 1949 blei det indiske nasjonalmuseet innvigd her av dåverande guvernør-general C. Rajagopalachari. Samlinga blei verande i den indiske presidentbustaden Rashtrapati Bhavan fram til ein eigen museumsbygning stod klar.
Nasjonalmuseumbygningen blei teikna av arkitekten Ganesh Bikaji Deolalikar. Grunnsteinen for denne bygningen blei lagt av statsminister Jawaharlal Nehru 12. mai 1955. 18. desember 1960 blei museet opna av visepresident S. Radhakrishnan.
mini|venstre|Dansejenta frå Mohenjo-Daro. mini|Miniatyrmåleri av Visjnu og Laksjmi frå rundt 1810. Samling Samlinga er stilt ut i tre etasjar. Blant galleria finst ei stor samling objekt frå Indusdalsivilisasjonen, mellom anna skulpturar som «dansejenta frå Mohenjo-daro» og «prestehovudet», segl, keramikk og leiketøy. Museet har også utstillingar knytt til utviklinga av indisk skrift og myntar, buddhistisk kunst og indiske miniatyrmåleri.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Museum i India Kategori:New Delhi Kategori:Skipingar i 1949 India