Hal Andrew Lindes () er ein engelsk-amerikansk gitarist og filmmusikkomponist.

I 1979 spelte han gitar med rockegruppa Darling. Dei fekk kontrakt med Charisma Records og gav ut singelen «Do You Wanna» og albumet Put It Down To Experience same året. I 1980 byrja han innspelinga av eit soloalbum med produsent Al Kooper, i lag med Herbie Flowers på bass og John Bradbury (frå The Specials) på trommer. Prosjektet stoppa opp halvvegs då Lindes vart invitert av Mark Knopfler til å bli med i det britiske rockebandet Dire Straits.

Dire Straits (1980-1985) Lindes vart fulltidsmedlem av Dire Straits i slutten av 1980, medan bandet var på turné med det tredje albumet sitt, Making Movies. Under den fem år lange perioden med bandet voks Dire Straits frå å spele små klubbar til utselde stadion. Han var med på det neste albumet deira, Love Over Gold i 1982 og EPen ExtendedancEPlay i 1983.

I tida med Mark Knopfler var han òg involvert i å skrive musikk til David Puttnam-filmen Local Hero frå 1983. Det var då han oppdaga at han ønskte å halde fram å skrive filmmusikk. Lindes turnerte med Dire Straits på verdsturneen deira i 1983 og var med på konsertalbumet Alchemy Live. Tidleg i 1985, medan Dire Straits spelte inn Brothers In Arms, slutta Lindes i Dire Straits for å bli filmmusikkomponist på fulltid.

Filmmusikk (1985 til i dag) mini|venstre|Lindes med Dire Straits i juni 1981. Hal Lindes har skrive musikk for mange filmar og vunne fleire prisar, mellom anna Royal Television Society Award for den BAFTA-nominerte filmen Reckless og ein TRIC-pris for beste kjenningsmelodi. Lindes er mest kjend for å ha skrive musikken til The Boys Are Back, ein Miramax-film regissert av Scott Hicks med Clive Owen i ei av rollene.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hal Lindes» frå , den 20. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:USA-amerikanske komponistar Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Engelske komponistar Kategori:Dire Straits-medlemmar Kategori:Rytmegitaristar Kategori:Musikarar frå California