Snøbergkall (Cinclodes palliatus) er ein sterkt truga art av sporvefuglar i omnfuglfamilien.

Snøbergkallen er den klårt største bergkallen, 23-25 centimeter i kroppslengd, han skil seg òg frå andre bergkallar med kvit underside frå strupe til undergump. Brystet er markant breitt, og reint kvitt, oversida er brunraud. Oversida av hovudet er i grått og halen er mørk brun. Vaksne fuglar veg i området 99 til 109 gram. Lætet er snøgt skravlande 'pipipi'-trille, det kan bli eit akselererande og høgt 'wi-wi-wi-wi-wi...'.

Denne fuglen er endemisk for sentrale Peru, eit særs avgrensa og høgtliggande område i Junín-regionen, 4400-5000 moh. Habitatet er knytt til myrer og våtmarker med Distichia polsterplantar.

Populasjonen er trudd å ligge mellom 50 og 250 modne individ og er minkande. Arten er truga av øydelegging av habitat, inkludert gruvedrift i leveområdet.

Kjelder BirdLife International (2024) Species factsheet: Cinclodes palliatus. Henta frå http://www.birdlife.org den 1. april 2024. Schulenberg, T. S. og G. M. Kirwan (2020). White-bellied Cinclodes (Cinclodes palliatus), version 1.0. I Birds of the World (T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.whbcin1.01 Schulenberg, T., Stotz, D. Lane, D., O'Neill, J, & Parker, T. Birds of Peru. Christopher Helm, London. (2007) ISBN 978-0-7136-8673-9

Bakgrunnsstoff

Kategori:Omnfuglfamilien Kategori:Fuglar i andesregionen Kategori:Fuglar endemiske for Peru