MS «Røyksund», i dag «Betty K VII», er eit lasteskip levert frå Brødrene Lothe i Haugesund i juli 1979 til Dampskibsselskabet Veritas.

I januar 1985 vart båten innkjøpt av K/S A/S Veritas-Ruten (Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap, HSD). I juli 1990 vart skipet seld til K/S Tananger A/S (Rederiet Harald Sætre, Bergen) i Haugesund, og i januar 1992 vart registreringshamna endra til Bergen.

Båten vart seld utanlands i januar 2006 då Dorick Navigation SA (Intamico Shipping Ltd.) i Panama tok over båten. Han fekk då namnet «Betty K VII». 18. februar 2008 vart båten overteken av Betty K Agencies Ltd. i Nassau/Panama. Per oktober 2014 er båten framleis i fart i Karibia.

Kjelder Skipet.no

Bakgrunnsstoff «Betty K VII» på marinetraffic.com

Kategori:Norske fraktefartøy Kategori:Båtar frå Rogaland Kategori:Dampskibsselskabet Veritas-eigde fartøy Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1979 Kategori:Skip bygde ved Brødrene Lothe Kategori:1979 i Noreg