mini|MF «Etne» på veg ut frå Sløvåg . Leirvåg–Sløvåg er eit ferjesamband på fylkesveg 57 mellom Austrheim kommune i Nordhordland og Gulen kommune i Sogn. Strekninga vert driven av Fjord1 med ferja MF «Storfjord». Tidlegare har HSD Sjø, BNR og Norled drive ruta. Overfarten frå Leirvåg til Sløvåg tar 20 minutt.
Ferjeruta vart starta 15. desember 1980, men var då på mange måtar ei vidareføring av ferjeruta Rossnes–Gråvik som starta opp i 1978. I starten gjekk ruta Leirvåg–Sløvåg–Sandebygda–Gråvik. Sandebygda, som ikkje hadde ferjelem, vart erstatta av Skipavik då ferjekaien opna der i 1984. Då Byrknesøya fekk brusamband i 1997, vart Gråvik sløyfa som stoppestad. Då siste del av fastlandssambandet til Sandøya opna 4. november 2010, vart òg Skipavik sløyfa som stoppestad og ruta vart ei rein pendlerute Leirvåg-Sløvåg. I løpet av 2010 vart det bygd ny ferjekai og oppstillingsplass i Sløvåg og ferjekaien i Leirvåg vart modernisert. Dette vart gjort som førebuing til utlysing av ny anbodsrunde på drift av strekninga i 2011.
Ferjer i sambandet MF «Masfjord» (II) :1980 - 1986 MF «Seimstrand» (I): 1989 - 1992 MF «Seimstrand» (II): 1993 - 1998 MF «Nordhordland» (III): 1998 - 2002 MF «Eidfjord»: 2003 - 2007 MF «Etne»: Juni 2007 - mars 2011 MF «Melderskin»: Mars 2011 - 2019 MF «Storfjord»: 2020 ...
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Leirvåg-Sløvåg» frå , den 28. oktober 2014. oppgav desse kjeldene: Vegvesenets vegkart Vegliste Sogn og Fjordane
Bakgrunnsstoff Viggo Nonås: Bil, fira vaksne og sju ungar, Kapabel 2008, ISBN 978-82-8163-023-9 Kristin Ese: «Veg og ferje mellom Byrknesøy og fastlandet» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
Kategori:Ferjesamband i Vestland Kategori:Samferdsle i Austrheim Kategori:Samferdsle i Gulen Kategori:HSD-samband Kategori:BNR-samband Kategori:Tide-samband Kategori:Norled-samband