mini|Marstein stasjon på Raumabanen i bygda Marstein, med Mannen som den venstre toppen i bakgrunnen. Den høgeste toppen er Breitind. Stasjonen var i drift 1924–2012. Mannen er eit 1294 m høgt fjell over Horgheim i Romsdalen. Fjellet har ei særeiga tindenål og forma kan minna om ei enorm gås som sit og skodar ut over dalen. Det er synleg frå dalføret. mini|venstre|Mannen heilt til venstre i fjellmassivet Trolltindan. Fjellet er ustabilt og ein ventar eit ras på opp mot 120 mill m³. Fjellet har sidan 2009 vore overvaka av Åknes/Tafjord beredskap IKS. Hausten 2014 vart det observert auka rørsle i fjellet. Rørsla er svært følsam for nedbør og ved slutten av oktober 2014 vart fleire hus evakuerte og Raumabanen vart stengd.Sjøberg, J., Valvik, M. E. og Mauren, A., «Kan forvente et skred i løpet av kvelden», Aftenposten, 28/10-2014.

Overvakinga i 2017 skjer mellom anna med GPS-antennar, bakkebasert radar mot terreng, laser, geofonar, elektronisk vater (tiltmeter), boreholsinstrument (DMS) som mælær deformasjon, mikrofonar, ekstensometer (strekkstag), meteorologisk stasjon og web-kamera. Eit tiltak for å få slutt på dei stadige evakueringane når fjellet rører på seg, er å pumpe vatn frå ei tjørn på baksida av Mannen opp i tre store vasstankar. Deretter skal vatnet sprøytast gjennom slanger ned i sprekkene i fjellpartiet. Dette skal skje når rørslene i fjellet er store og folk i faresonen er evakuerte.

Sjå òg Nokre store rasulykker på Nordvestlandet: Tafjord-ulukka Tjelle-skredet Lodalsulukkene i 1905 og 1936 Referansar

Bakgrunnsstoff NGU-rapport om Mannen

Kategori:Fjell i Romsdal Kategori:Fjell i Rauma