MS «Baronen», i dag «Seka», er ein snøggbåt levert frå Holen mek. Verksted i Langevåg i april 1994 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD). Båten vart sett i rute Bergen - Sunnhordland. Båten er systerskipet til MS «Baronessa» som vart levert same året.

5. januar 2000 grunnstøtte «Baronen» ved Flesland og fekk skade styrbord på skrog og propell.

Båten vart seld til Altinnal Turizm Istelmecilik ve Yatirim AS i Tyrkia i februar 2007 og omdøypt «Seka». I oktober 2014 er båten framleis i fart.

Kjelder Skipet.no

Bakgrunnsstoff «Seka» på marinetraffic.com

Kategori:Norske snøggbåtar Kategori:Båtar frå Møre og Romsdal Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Tide-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1994 Kategori:Skip bygde ved Holen mek. Verksted Kategori:1994 i Noreg