Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST) vart oppretta i 1994 gjennom samanslåing av fleire tidlegare høgskolar i Trondheim. Frå 1. januar 2016 vart HIST ein del av NTNU:

Skolen er framleis lokalisert rundt i byen, med fleire studiestader som i stor grad speglar dei tidlegare høgskolane.

HiST sin sentraladministrasjon, Avdeling for teknologi (AFT) og Avdeling for informatikk og e-læring (AITeL) ligg på Leütenhaven i sentrum. Trondheim Økonomiske Høgskole (TØH) (heitte «Avdeling for økonomisk administrativ utdanning» frå opprettinga av HiST til 2004) (AØA) ligg på Moholt. Avdeling for lærerutdanning og tegnspråk (ALT) ligg på Rotvoll. Avdeling for helse- og sosialfag (AHS) held til i Radmannbygget på Leangen. Avdeling for sykepleie (ASP) held til i Øya Helsehus på Øya, nær relevante fagmiljø på St. Olav.

HiST har dei siste åra (fram til 2011) hatt framgang i talet på studenter.

Det er planar om å fusjonere HiST med NTNU, Høgskolen i Ålesund og Høgskolen i Gjøvik. Det endelege vedtaket fattast av Kunnskapsdepartementet. Dette skjer truleg sommaren 2015.NTNU vil fusjonere med HiST og to andre høgskoler

Kjelder

Kategori:Tidlegare høgskular i Noreg Kategori:Utdanning i Trondheim Kategori:Høgskolen i Sør-Trøndelag Kategori:Skipingar i 1994