Johan Throne Holst () var ein norsk industrileiar og stortingsmann, fødd i Trondheim. Han er ein av dei mest markante leiarane i norsk industrihistorie.

Holst var son til ein kjøpmann. Etter han hadde gått latinskulen i heimbyen var han eit par år tilsett i ei forretning i Trondheim. Dei neste to åra var han utanlands, gjekk på handelsskular i Tyskland. Frå 1890 var han busett i Kristiania, der han i 1892 kjøpte Freia sjokoladefabrikk. I 1898 vart Freia omskipa til aksjeselskap, med Holst som disponent. Under hans leiarskap vart Freia ei mønsterbedrift og den dominerande sjokoladefabrikken i landet, i fylgje biografen Erik Rudeng var Holst «mellomkrigstidens fremste politiske pådriver for moderne samfunnsforskning og bedriftenes medansvar for kunst og vitenskap». Freia fekk kantine, eigen park for dei tilsette, landets første hageby for arbeidarar og landets første bedriftslege og 48 timars arbeidsveke, også det som første bedrift i Noreg. Med sitt vektige forfattarskap om næringsspørsmål stod Holst fram som samtidas fremste intellektuelle industrimann.

Holst var 1904-10 medlem av bystyret i hovudstaden. Perioden 1910-12 representerte han partiet Frisinna Venstre på Stortinget, vald frå einmannskrinsen Hammersborg i Kristiania. På Tinget var han medlem av Lagtinget og budsjettkomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff Store Norske Leksikon

Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Norske industrigrunnleggjarar Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund