Harry Hansen () var ein norsk politikar frå Bergen som representerte Arbeidarpartiet. Han var ordførar i heimbyen frå 1964 til -69, og deretter stortingsrepresentant frå 1969 til 1981.

Hansen var sentral i lokalpolitikken i Bergen i over 15 år. Frå 1951 var han med i formannskapet i byen til han hausten 1969 vart vald inn på Stortinget. Han var varaordførar i Bergen i perioden 1956–1959 og ordførar i seks år frå 1964 til 1969. Heilt frå fyrste halvdel av 1950-talet hadde han ei rad sentrale verv i den kommunale verksemda. Gjennom sine år som ordførar markerte han seg som ein talefør representant for byen og det lokale partilaget.

Stortingsvalet i 1969 førte Hansen inn på Stortinget for Arbeidarpartiet i Bergen. Ved dei seinare stortingsvala vart han vald inn for Hordaland fylke. I den fyrste fireårsperioden på Stortinget var han medlem av Samferdselskomitéen. Resten av tida, 1973–81, var han medlem av Finanskomitéen, samt nestformann i Forsvarskomitéen 1973-77.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Ap-ordførarar i Hordaland Kategori:Ordførarar i Bergen