Perrine Pelen () er ein fransk tidlegare skirennar frå Boulogne-Billancourt som vart verdsmeister i slalåm i 1985. Ho var ein av dei beste kvinnelege alpinistane i fyrste halvparten av 1980-åra. Slalåm var hennar spesialøving, ho hevda seg elles godt også i storslalåm og i kombinasjonsrenn. Pelen vann fem medaljar i olympiske leikar og verdsmeisterskap i perioden 1980-85.

Aktiv Pelen vann ein bronsemedalje i storslalåm då dei olympiske leikane vart avvikla i Lake Placid i 1980, Hanni Wenzel frå Liechtenstein tok gullmedaljen og vesttyske Irene Epple sølvmedaljen. To år seinare sikra Pelen seg sølvmedaljen i kombinasjonen ved VM i alpine greiner 1982 i Schladming, sveitsiske Erika Hess tok gullmedaljen.

Pelen vann to medaljar under vinterleikane 1984 i Sarajevo. Ho tok sølv bakom italienske Paoletta Magoni i slalåm, og ho fekk bronse i storslalåm bak USA-amerikanarane Debbie Armstrong og Christin Cooper.

Høgdepunktet som skirennar opplevde Pelen ved VM i alpine greiner 1985 i Vail i USA, der ho rann inn til VM-gull i spesialgreina slalåm.

Mellom 1977 og 1984 vann Pelen femten renn i verdscupen, alle i slalåm. Størst suksess hadde ho i 1980-sesongen med fire sigrar, dermed vann ho slalåm-pokalen i verdscupen 1980. Frå 1979 til ho la opp i 1986 vart ho fransk meister ti gongar; sju i slalåm og tre i storslalåm.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Perrine Pelen» frå , den 6. desember 2014.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Franske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1980 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1980 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1984