I'billin (hebraisk אעבלין, arabisk إعبلين)Frå eit førenamn, i følgje Palmer, 1881, s. 105 er ein arabisk by i Nordlege distrikt i Israel, nær Shfaram. I desember 2006 var folketalet 11 000. I'billin fekk kommunestatus i 1960. Byen har ein blanda folkesetnad av muslimar og kristne.

Historie mini|venstre|Måleri av Akil Agaa, frå William Francis Lynch-boka The Narrative of the USA Expedition of the Jordan River and the Dead Sea. Publisert i 1849 mini|Ny-melkittisk austleg katolsk kyrkje i I'billin. Arkeologiske utgravingar i sentrum av landsbyen indikerer ei kontinuerleg busetnad frå jernalderen (800-talet fvt.) til mamelukkisk tid (1300-talet).Abu Raya, 2012, ‘Ibillin Preliminary Report

Nasir Khusraw vitja staden i 1047: «Frå Damum reiste me sørover til ein annan landsby, kalla A'bilin, der grava til Hud ligg -fred vere med han! -som eg vitja. I nærleiken står eit morbærtre, og her ligg grava til profeten Uzair -fred vere med han! -som eg òg vitja.»Nasir Khusraw sitert i le Strange, 1890, s. 382.

Folketalet i 1859 var i følgje konsul Rogers 800 personar.Conder and Kitchener, 1881, s. 269

I 1875 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen. Han estimerte at folketalet var 600, likt fordelt mellom muslimar og «greske kristne». Han noterte at sistnemnde hadde ei kyrkje tileigna St. Georg.Guérin, 1880, s. 420 -421, as translated by Conder and Kitchener, 1881, s. 270

I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) som «Ein landsby i høgda med hagar nedanfor i sør, og ei kjelde ('Ain 'Afieh) kring 1 km mot sør. Det står ein minaret til moskeen som er lett synleg. Denne moskeen og ein mur til byen er sagt å ha vore bygd av el Hajj Yusef, frå familien til Zeidaniyin, i følgje ein arabisk inskripsjon på veggen til moskeen. Husa i landsbyen er hovudsakleg av stein. Murane ligg sør for åsen, med oliven nær dei. Somme av innbyggjarane er greske kristne.»

Landsbyen er heilag for katolikkar som fødestaden til Mariam Baouardy, som vart saleggjort av pave Johannes Paul II i 1983.

Akil Aga, ein beduin-sjeik frå Egypt som herska over området, bygde ei festning i Ibillin. Han er gravlagd i landsbyen, i tillegg til familien Dhaher el-Omar.

I 1945 var folketalet i I'billin 1 660, all arabarar, som eigde 18 632 dekar land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 48 2 367 dekar var plantasjar og irrigert land, 8 628 nytta for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 90 medan 95 dekar vart utbygd (urbant) land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 140

I'billin vart erobra av det israelske forsvaret under den første fasen av Operasjon Dekel, 8-14. juli 1948.Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s. 198 Dei fleste muslimane vart drivne bort og erstatta av kristne frå nabolandsbyar.Pappe, Ilan (2006) The Ethnic Cleansing of Palestine. Oneworld. ISBN 1-85168-467-0. s. 159 Byen vart ofte undersøkt for folk som ikkje var registrerte i folketeljinga i november 1948. Den 8. januar 1949 var landsbybuarane frå I'billin del av ei gruppe på 128 menn, kvinner og barn som vart drivne bort og inn på Vestbreidda ved 'Ara.Morris, Benny (1993) Israel's Border Wars, 1949 - 1956. Arab Infiltration, Israeli Retaliation, and the Countdown to the Suez War. Oxford University Press, ISBN 0-19-827850-0. s.145 Byen vart verande i unntakstilstand fram til 1966.

Sjå òg Arabiske stader i Israel

Kjelder Denne artikkelen bygger på «I'billin» frå , den 6. desember 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Velkomen til I'billin

Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Arabiske stader i Israel Kategori:Arabiske kristne busetnader i Israel Kategori:Lokale kommunar i Nord-distriktet i Israel