Lucienne Schmith-Couttet () var ein fransk skirennar, fødd i Chamonix. Ho vart verdsmeister i storslalåm i 1954.
Karriere Schmith vart i 1946 og 1948 fransk meister i slalåm. I 1948 deltok ho i dei olympiske vinterleikane i St. Moritz og vart som best nummer ti i utfor. Året etter vann ho både utfor, slalåm og dermed også kombinasjonen ved Harriman Cups i USA-amerikanske Sun Valley. Same sesongen vart ho kanadisk meister i slalåm og i kombinasjon. Ved dei såkalla SDS-renna i Grindelwald fekk ho i åra 1949-54 fem pallplasseringar, mellom dei kombinasjonssigeren i 1954.
Ved verdsmeisterskapen 1950 i Aspen i USA vann Schmith-Couttet bronsemedaljen i storslalåm. Fire år seinare vart ho den fyrste franske kvinna som vann gullmedaljen i eit alpint verdsmeisterskap. Under VM i alpine greiner 1954 i svenske Åre vart ho verdsmeister i storslalåm og ho tok bronsemedaljen både i utfor og i kombinasjonen.
Ho var gift med den franske skirennenaren James Couttet.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lucienne Schmith» frå , den 6. desember 2014.
Bakgrunnsstoff Lucienne Schmith-Couttet i fis-ski.com Lucienne Schmith-Couttet i olympedia.org
Kategori:Franske alpinistar Kategori:Folk frå Chamonix Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1948 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1948