Lucille Wheeler () er ein kanadisk tidlegare skirennar fødd i Montréal i Québec som under VM i alpine greiner 1958 vart dobbelt verdsmeister, då ho vann både utfor og storslalåm.
Aktiv Wheeler vart nummer sju i utfor då alpin-VM vart avvikla i svenske Åre i 1954. To år seinare vann ho bronsemedaljen i utfor under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo, det var fyrste gongen ein nordamerikansk kvinneleg alpinist tok ein olympisk medalje. I storslalåm kom ho på sjetteplass.
Under VM i alpine greiner 1958 i Bad Gastein vart Wheeler den store forgrunnsfiguren på kvinnesida. Ho vann utfortevlinga med ein margin på tre tidels sekund i høve til Frieda Dänzer frå Sveits, medan ho i storslalåm hadde eit halvt sekund til gode i mål til sølvvinnar Sally Deaver frå USA. Dei to gullmedaljane og ein 13. plass i slalåm gav henne også sølvmedaljen i kombinasjonen.
Wheeler la opp i 1959.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lucille Wheeler» frå , den 7. desember 2014.
Kategori:Canadiske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Canada Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1952 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1956 Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1956