Jadeidi-Makr eller Makr-Jadeidi (hebraisk גֻ'דֵידָה-מַכְּר; arabisk مكر جديده) er ein arabisk lokal kommune som vart danna då to arabiske byar, Makr og Jadeidi, vart slått saman i 1990. Han ligg nokre få kilometer aust for byen Akko i Nord distrikt.
I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde den lokal kommunen i 2008 eit folketal på 18 200, der 90% var muslimar og kring 10 % kristne.
Namnet Jadeidi tyder «den nye» og Makr tyder «hovudkvarter». Sistnemnde fekk dette namnet fordi han vart nytta som hovudkvarter for den romerske armeen under kringsetjinga av Akko.
Under namna Makr Harsin og al Hudeidah, vart Makr og Jadeidi nemnde som ein del av området til krossfararane under hudnaen mellom krossfararane basert i Akko og mamelukk-sultanen al-Mansur (Qalawun) som vart oppretta i 1283.
Al-Makr vart erobra av det israelske forsvaret under den første delen av Operasjon Dekel, 8-14. juli 1948,Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.198 og vart verande i unntakstilstand fram til 1966.
Kjelder
Sjå òg Arabiske stader i Israel
Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Arabiske stader i Israel Kategori:1990 i Israel Kategori:Lokale kommunar i Nord-distriktet i Israel