Christian Pravda () var ein austerriksk skirennar som vart verdsmeister i utfor i svenske Åre i 1954. Han var fødd i Kufstein og døydde i Kitzbühel,

Aktiv Pravda deltok i slalåmtevlinga under Vinter-OL 1948 i St. Moritz, men kom aldri til mål. To år seinare var han med til VM i alpine greiner 1950 i Aspen i den USA-amerikanske delstaten Colorado, der femteplassen i utforrennet vart hans beste plassering.

Under dei olympiske leikane 1952 i Oslo vann Pravda sølvmedaljen i storslalåm, 1,9 sekundar bakom olympiameister Stein Eriksen frå Noreg. Dagen etter tok Pravda bronsemedaljen i utfor, italienaren Zeno Colò vann føre Othmar Schneider, ein landsmann av Pravda.

Høgdepunktet opplevde Pravda då han under VM i alpine greiner 1954 i Åre vann gullmedaljen i utfortevlinga. I tillegg tok han sølvet i kombinasjonen og vart nummer fire i slalåm.

Etter å reklamert for eit fransk skimerke vart han utestengd frå idretten i eitt år og gjekk glipp av Vinter-OL 1956.

Frå 1951 til 1958 vann Pravda åtte austerrikske meisterskap; tre i slalåm, to både i storslalåm og i kombinasjon, samt eitt i utfor. Han la opp som aktiv FIS-løpar i 1959. Fram til byrjinga av 1970-åra arbeidde han som skilærar i USA, flytta så heim til Kitzbühel i Tirol.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Christian Pravda» frå , den 13. desember 2014.

Kategori:Austerrikske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1948 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1948 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1952 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1952