thumb|Røntgenbilete av nasebrot thumb|Ei broten nase med nasebløding etter ei rugbyulukke Nasebrot eller nasefraktur, oftast omtalt som ei broten nase, er eit knokkelbrot i eit av nasebeina. Sidan nasen stikk ut frå andletet, og sidan knoklane i nasen er skjøre, så er nasebrot ein av dei vanlegaste andletsskadane, og utgjer nesten 40% av alle andletskadar.MayoClinic.com. "Broken nose", henta 16. oktober 2008

Årsaker Nasebrot skuldast alvorleg trauma mot andletet. Vanlege årsaker inkluderer sportsskadar, slåsting, fall og bilulukker i yngre aldersgrupper, og fall frå uviting eller nedsatt balanse i eldre aldersgrupper.

Symptom Vanlege symptom inkluderer blåmerker, heving, ømheit, smerte, misdanning og/eller bløding frå nasen og naseregionen. Personen kan få pustevanskar og overdriven nasebløding viss naseslimhinna vert skada. Personen kan òg få blåmerke rundt augene.

Handsaming Mindre nasebrot kan lækjast av seg sjølv viss det ikkje er monalege kosmetiske misdanningar. Is og smertestillande kan skrivast ut for å lindre ubehag under lækjeprosessen. Nasebrot med store misdanningar krev ofte manuell innretting, og har oftast gode resultat.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nasal fracture» frå , den 13. desember 2014.

Kategori:Knokkelbrot Kategori:Hovudskadar Kategori:Sjukdommar i skjelettsystemet