Patrick Ortlieb () er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar og politikar frå Bregenz i Vorarlberg. Han vart olympisk meister i utfor i 1992 og verdsmeister i same greina i 1996. Ortlieb var mellom 1999 og 2002 parlamentsmedlem for det austerrikske partiet FPÖ.

Karriere Han fekk sin VM-debut i 1991 og vart nummer sju i utfor, året etter vann OL-gull i utforrennet under Vinter-OL 1992 i Albertville, fem hundredels sekund framom Franck Piccard frå Frankrike. Ved VM 1993 i japanske Morioka kom han på åttandeplass i yndlingsgreina.

Ortlieb vann fire i renn verdscupen i alpine greiner, alle saman i løpet av to år frå midt i desember 1993 til midt i desember 1995. Tre av sigrane kom i utforrenn, ein i super-G.

Etter ein fjerdeplass i OL-utforen på Lillehammer i 1994, vann Ortlieb ein relativt klar siger i utforrennet ved VM i alpine greiner 1996 i spanske Sierra Nevada. Under alpin-VM 1997 vart han nummer åtte i utfor.

Han la opp etter eit stygt fall under trening til utforrennet 1999 i Hahnenkammrenna i Kitzbühel.

Frå 1999 til 2002 representerte Ortlieb det høgrepopulistiske partiet FPÖ (Austerrikes fridomsparti) i nasjonalrådet (parlamentet) i Austerrike.

Han eig og driv eit luksushotell i Oberlech.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Patrick Ortlieb» frå , den 14. desember 2014.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Austerrikske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske meistrar for Austerrike Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1992 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1994