Ludwig Leitner () var ein austerriksk-vesttysk skirennar, fødd og død i Mittelberg i Vorarlberg, som vart verdsmeister i kombinasjon under dei olympiske leikane i Innsbruck i 1964.

Aktiv Leitner representerte Austerrike då han deltok i VM i alpine greiner 1958 i Bad Gastein, der han vart som best nummer ni i slalåm. Året etter fekk han tysk statsborgarskap og representerte sidan Vest-Tyskland. Under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley kom han på fjerdeplassen i slalåm, eitt tidels sekund bakom bronsevinnar Charles Bozon frå Frankrike. I VM i alpine greiner 1962 i Chamonix vart Leitner nummer fem i slalåm. Han presterte såpass bra i dei andre øvingane at han fekk bronsemedaljen i kombinasjonen.

Under dei olympiske vinterleikane 1964 i Innsbruck kom Leitner på femteplass både i slalåm og utfor, og vart nummer åtte i storslalåm. Samanlagt gjorde desse tre prestasjonane at Leitner kunne innkassere eit VM-gull i kombinasjon, ei grein som ikkje stod på OL-programmet.

I 1966 vart Leitner nummer fem i slalåm for tredje gong på rad i eit stort skimeisterskap. Ved meisterskapen i Chile tok han også ein kombinasjonsmedalje for tredje gong på rad, som i 1962 i ein bronsemedalje. To år seinare enda han på tolvteplassen både i slalåm og utfor under Vinter-OL 1968 i Grenoble.

Ymse Leitner var i 1969 «stand-in» for hovudrolle-spelaren George Lazenby i filmen James Bond i hemmelig tjeneste.

Leitner dreiv eit hotell i heimstaden Mittelberg, ein landsby som har vegsamband med Tyskland, men ikkje med resten av Austerrike.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Ludwig Leitner» frå , den 13. desember 2014.

Kategori:Austerrikske alpinistar Kategori:Tyske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1960 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1964 Kategori:Vesttyske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1968