__NOTOC__ Den store fugleslekta Columba består av ei gruppe av middels til store, kraftig bygde duer, ofte referert til som dei typiske duene. Arten som ofte vert referert til berre som «dua» er bydue (C. livia domestica). Byduer vart ein gong avla frå arten klippedue, Columba livia, noko som òg har gjeve opphav til dei fleste domestiserte dueraser, slik som brevduer. Ringdue, Columba palumbus, engelsk 'Common Wood-Pigeon', blir somme tider kalt for skogduer og forveksla med arten med det norske namnet skogdue, Columba oenas.

Slik som inndelinga av duer til slekta Columba blir gjort i dag, er slekta avgrensa til «den gamle verda», men nokre fuglar, spesielt domistiserte og forvilla klippeduer, har blitt introduserte utanfor det naturlege utbredelsesområdet sitt, til dømes i Amerika.

Etymologi

Omgrepet columba kjem frå det latinske columba, «ei due»,columba, Charlton T. Lewis, Charles Short, A Latin Dictionary, hos Perseus Digital Library, Tufts University og er den feminine forma av columbus, «ei mannleg due»,columbus, Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, hos Perseus sjølv om latinisering av det greske κόλυμβος (kolumbos), «dukkar»,κόλυμβος, Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, hos Perseus som stammar frå verbet κολυμβάω (kolumbaō), tyder å dukke, stupe hovudstups, eller symje.κολυμβάω, Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, hos Perseus Den feminine forma for kolumbos, κολυμβίς (kolumbis), «dukkar»,κολυμβίς, Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, hos Perseus blei brukt av Aristofanes og andre om klippeduer i Hellas på grunn av dei symjande rørslene dei gjer med vengene når dei flyg.Aristophanes, Birds, 304, hos Perseus

Systematikk Tidlegare var òg liknande duer i Amerika medlemmer av Columba, men er i dag skilde ut i si eiga slekt Patagioenas. At den amerikanske utviklingslinja utgjer ei distinkt avstamming er no synt ut frå molekylære prov; faktisk er Patagioenas-duene fylogenetisk basale til splitten mellom Columba-duer og Streptopelia-duer.

Artslista Columba-duer i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021,Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2022. IOC World Bird List (v12.1). doi : 10.14344/IOC.ML.12.1 Henta 26. februar 2022 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Klippedue, Columba livia, Rock Dove, Gmelin, JF, 1789, (LC) Steindue, Columba rupestris, Hill Pigeon, Pallas, 1811, (LC) Snødue, Columba leuconota, Snow Pigeon, Vigors, 1831, (LC) Spragledue, Columba guinea, Speckled Pigeon, Linnaeus, 1758, (LC) Etiopiadue, Columba albitorques, White-collared Pigeon, Rüppell, 1837, (LC) Skogdue, Columba oenas, Stock Dove, Linnaeus, 1758, (LC) Morbærdue, Columba eversmanni, Yellow-eyed Pigeon, Bonaparte, 1856, (VU) Somalidue, Columba oliviae, Somali Pigeon, Clarke, S, 1918, (DD) Ringdue, Columba palumbus, Common Wood Pigeon, Linnaeus, 1758, (LC) Madeiradue, Columba trocaz, Trocaz Pigeon, Heineken, 1829, (LC) Kanaridue, Columba bollii, Bolle's Pigeon, Godman, 1872, (LC) Laurbærdue, Columba junoniae, Laurel Pigeon, Hartert, E, 1916, (NT) Skiferdue, Columba unicincta, Afep Pigeon, Cassin, 1860, (LC) Gulbrilledue, Columba arquatrix, African Olive Pigeon, Temminck, 1808, (LC) Flekkpurpurdue, Columba sjostedti, Cameroon Olive Pigeon, Reichenow, 1901, (LC) Saotomedue, Columba thomensis, Sao Tome Olive Pigeon, Barboza du Bocage, 1888, (EN) Komordue, Columba pollenii, Comoros Olive Pigeon, Schlegel, 1865, (NT) Sølvhovuddue, Columba hodgsonii, Speckled Wood Pigeon, Vigors, 1832, (LC) Kvitnakkedue, Columba albinucha, White-naped Pigeon, Sassi, 1911, (NT) Kragedue, Columba pulchricollis, Ashy Wood Pigeon, Blyth, 1846, (LC) Nilgiridue, Columba elphinstonii, Nilgiri Wood Pigeon, (Sykes, 1832), (VU) Singalesardue, Columba torringtoniae, Sri Lanka Wood Pigeon, (Kelaart, 1853), (VU) Bleikkronedue, Columba punicea, Pale-capped Pigeon, Blyth, 1842, (VU) Sølvdue, Columba argentina, Silvery Pigeon, Bonaparte, 1855, (CR) Andamandue, Columba palumboides, Andaman Wood Pigeon, (Hume, 1873), (NT) Mikadodue, Columba janthina, Japanese Wood Pigeon, Temminck, 1830, (NT) Kvitstrupedue, Columba vitiensis, Metallic Pigeon, Quoy & Gaimard, 1832, (LC) Dronningdue, Columba leucomela, White-headed Pigeon, Temminck, 1821, (LC) Praktdue, Columba pallidiceps, Yellow-legged Pigeon, (Ramsay, EP, 1878), (VU) Kritnakkedue, Columba delegorguei, Eastern Bronze-naped Pigeon, Delegorgue, 1847, (LC) Bronsenakkedue, Columba iriditorques, Western Bronze-naped Pigeon, Cassin, 1856, (LC) Glansnakkedue, Columba malherbii, Island Bronze-naped Pigeon, Verreaux, J & Verreaux, É, 1851, (NT) Trolldue, Columba larvata, Lemon Dove, Temminck, 1809, (LC)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Columba» frå , den 1. januar 2015.

Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:duefamilien Kategori:Fugleslekter