«Polk Salad Annie» er ein song frå 1968 av Tony Joe White. Han vart spelt inn i Muscle Shoals. Teksten skildrar ei fattig landsbyjente i Sørstatane i USA og familien hennar. Matretten som songen handlar om, polk salad, vert ofte òg skrive «poke salad» og heiter på norsk kermesbær. Singelen nådde åttandeplassen på singellista i USA i 1969.

Bakgrunn Singelen, som kom ut i 1969 på Monument Records hadde vore ute i ni månader før han omsider nådde lista. Plateselskapet hadde då avskrive singelen som mislukka. White sa: «Plateselskapet hadde gjeve singelen opp, men folk i Texas heldt fram å kjøpe plata. Så vi sendte meldingar opp til Nashville 'Send oss tusen til denne veka.' Dei sendte oss desse 'Ikkje til sals'-platene, så me måtte sitje der og stryke ut 'Do Not Sell' og sende dei ut til platebutikkane. Alle desse butikkane i Sør-Texas ringte oss stadig og sa 'Me treng fleire' Så me berre fortsette. Til slutt var det ein fyr i L.A. som plukka opp plata og fekk han over dit. Hadde ikkje det skjedd hadde 'Polk' vorte tapt for alltid.»

Andre versjonar Richard «Groove» Holmes gav ut eit konsertopptak i 1970 på albumet Recorded Live at the Lighthouse Clarence Reid gav ut ein versjon i 1969 på albumet Dancin' With Nobody But You Babe Tom Jones gav ut ein versjon av songen i 1970 på albumet Tom, spelt inn i februar 1970http://www.txhighlands.com/Deccalisting.htm Tom Jones Decca releases Elvis Presley plukka raskt opp songen, som vart mykje spelt på konsertane hans i 1970-åra. Han gav ut songen ved fleire høve Elvis: That's the Way it Is (dokumentarfilm, 1970), On Stage (1970), Elvis: As Recorded At Madison Square Garden (1972) og Elvis Recorded Live on Stage in Memphis (1974, han er ikkje på plata, men vart framført på same konserten som opptaka er henta frå). Tony Joe White skal ha likt Presley si tolking av songen.Tony Joe White - his music Los Lonely Boys spelte songen i 2009 på ein EP kalla 1969. Conan O'Brien song ein versjon av songen på hans Legally Prohibited from Being Funny on Television Tour. Han nemner Elvis i songen. Rockabilly-artisten Sleepy LaBeef spelte inn songen på albumet Rockabilly 1977 Johnny Hallyday spelte inn songen. Den franske songaren Joe Dassin spelte inn ein versjon av songen på albumet Blue country i 1979 Harald Schmidt, ein tysk entertainer, framførte songen i september 2011 på fjernsynsshowet sitt. Nederlandske Mason spelte ein versjon av songen på albumet Wish Me Luck i 1979 Songen finst på albumet Playing For Keeps frå 1983 av Big Twist and the Mellow Fellowshttp://www.alligator.com/albums/Playing-For-Keeps/ Tony Joe White og Foo Fighters framførte songen i lag på Late Show With David Letterman den 15. oktober 2014.

Merknad Sallet er eit gammalt engelsk ord som tyder «kokte grønsaker» og bør ikkje mistolkast som «salad». Faktisk har det vore mange tilfelle av matforgifting på grunn av denne språkfeilen. Plateselskapet kalla songen «salad», medan retten i røynda er ein «sallet».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Polk Salad Annie» frå , den 24. januar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Swamp rock Kategori:Tony Joe White-songar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Tom Jones-songar Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Songar skrivne av Tony Joe White Kategori:Songar om fattigdom Kategori:New Jordal Swingers-songar Kategori:Little Milton-songar