Kfar Kama (hebraisk כְּפַר כַּמָא) er ein by i nedre Galilea i Israel med eit folketal på 2 900, hovudsakleg tsjerkessarar.
Historie Kfar Kama kan ha vore ein landsby kalla Helenoupolis som Konstantin grunnla til ære til mora si Helena.
Under utgravingar i 1961 og 1963 fann ein graver frå 300-talet. To kyrkjer frå tidleg på 500-talet, eine tileigna St. Thecla, vart gravefram med fleirfarga mosaikkgolv med blomar, dyr og geometriske mønster
I krossfarartida vart han kalla Kapharchemme eller Capharkeme.
I 1596 var Kfar Kama oppført i osmanske skattelister som ein landsby i Tiberias nahiya i Safad liwa. Han hadde eit folketal på 34 muslimske hushaldningar og skatta av kveite, bygg, sommaravlingar, bomull og geiter eller bikubar.
I 1870-åra vart han skildra som ein stad med «basaltiske steinhus, med kring 200 muslimar, på ei slette av dyrkbar mark.»
Den noverande landsbyen vart grunnlagd i 1878 av 1150 tsjerkessisk emigrantar frå Adyghe-stamma Shapsugs, som vart driven ut frå Kaukasus av russarane til Det osmanske riket på grunn av den russisk-tsjerkessiske krigen. I staden levde dei av dyreoppdrett, men vart seinare bønder. Den første skulen vart grunnlagd kring 1880.
Under folketeljinga i Palestina i 1922, hadde Kafr Kama eit folketal på 670 muslimar og sju kristne.
Kfar Kama er ein av to tsjerkessiske landsbyar i Israel. Den andre er Rehaniya. Tsjerkessarane er muslimar, som i motsetnad til israelske arabarar deltek i militærteneste i det israelske forsvaret.
Galleri
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kfar Kama» frå , den 31. januar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Kfar Kama lokale kommune Tsjerkessisk kultursenter
Kategori:Tsjerkessiske samfunn Kategori:tsjerkessarar i Israel Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1876 Kategori:Lokale kommunar i Nord-distriktet i Israel