Rosh Pinna er ein by (lokal kommune) med 2 800 innbyggjarar i øvre Galilea i Nord distrikt i Israel. Byen vart grunnlagd i 1882 av 30 familiar som emigrerte frå Romania. Han er derfor ein av dei eldste sionist-busetnadane i Israel.
Geografi Rosh Pinna ligg nord for Genesaretsjøen, kring 2 km aust for byen Safed, 420 meter over havet. Nord for Rosh Pinna ligg Hulasjøen, eit tidlegare myrområde som vart drenert i 1950-åra.
Historie Rosh Pinna (hebraisk ראש פנה) var ein av dei første moderne jødiske jordbruksbusetnadane i Israel, som då var ein del av Det osmanske riket. Rosh Pinna vart grunnlagd nær den arabiske landsbyen al-Ja'una.
Gei Oni vart grunnlagd i 1878 av jødar frå Safed. Somme av dei var etterkommarar etter spanske jødar som måtte reisa i eksil i 1492. Dei fleste av dei første familiane reiste derifrå etter tre år med tørke, men tre familiar vart verande att: Keller, Friedman og Schwartz. Eit år seinare, i 1882, kom ei gruppe rumenske jødar leia av David Shub til landsbyen, og han fekk namnet Rosh Pinna, etter Salme 118:22: «Steinen som bygningsmennene vraka, har vorte hjørnestein.» ‘Hjørnestein’ er rosh pinna på hebraisk. I 1883 fekk busetnaden viktig økonomisk støtte av baron Edmond James de Rothschild.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rosh Pinna» frå , den 1. februar 2015.
Bakgrunnsstoff
StateofIsrael.com Bilete av Rosh Pinna
Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Turistmål i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1882 Kategori:Jødiske landsbyar i Det osmanske riket Kategori:Lokale kommunar i Nord-distriktet i Israel