«All You Get from Love Is a Love Song» er ein song skriven av Steve Eaton. Han vart populær med ein versjon av the Carpenters i 1977. Singelen vart gjeven ut 2. mai 1977 med «I Have You» som B-side, ein song frå albumet A Kind of Hush i 1976. Songen var òg med på albumet Passage frå 1977.
Seint i 1970-åra var denne songen ofte på topp 10 på lister over mistolka songtekstar. Den mistolka teksten var «Because the best love songs are written with a broken arm,» medan den rette teksten var «Because the best love songs are written with a broken heart."The Complete Guide to the Music of the Carpenters by John Tobler, Omnibus Press, 1998. ISBN 0.7119,6312.6
Lister Liste (1977)PlasseringU.S. Billboard Hot 10035U.S. Billboard Easy Listening4Canadian Singles Chart38Oricon (Japansk) singelliste68
Medverkande Karen Carpenter – Solo- og korvokal Richard Carpenter – Klaverinstrument Joe Osborn – bassgitar Ed Green – trommer Tony Peluso – gitar Ray Parker jr. – gitar Tom Scott – tenor sax Julia Tillman – korvokal Carlene Williams – korvokal Maxine Willard – korvokal
Kjelder Denne artikkelen bygger på «All You Get from Love Is a Love Song» frå , den 8. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1977 Kategori:Singlar frå 1977 Kategori:Carpenters-songar